Rod Smallwood
Roderick Charles «Rod» Smallwood (fødd 17. februar 1950) er ein engelsk musikkmanager, mest kjend som med-manager av det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. I lag med forretningspartneren Andy Taylor, som han møtte medan dei studerte ved Trinity College, Cambridge, skipa han Sanctuary Records Group i 1979. Dette vart det største sjølvstendige plateselskapet i Storbritannia og det største sjølvstendige musikk-managementselskapet i verda fram til det vart nedlagd i 2007. Før Iron Maiden var Smallwood manager for Steve Harley & Cockney Rebel.
Rod Smallwood | |||
Smallwood i Costa Rica i 2008 | |||
Fødd | 17. februar 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Huddersfield, England, UK | ||
Fødenamn | Roderick Charles Smallwood | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Tilknytte artistar | Iron Maiden, Steve Harley & Cockney Rebel | ||
Verka som | Musikkmanager |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rod Smallwood» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2016.