Roger Federer (fødd 8. august 1981) er ein sveitsisk tennisspelar. Han har vunne 20 Grand Slam-titlar og 98 turneringssigrar i single.

Roger Federer


Statsborgarskap Sveits
Fødd 8. august 1981 (42 år)
Basel
Idrett tennis
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Tennis under Sommer-OL 2012 – Singel menn, Tennis under Sommer-OL 2008 – Dobbel menn, tennis at the 2000 Summer Olympics – men's singles

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits, L'Équipe Champion of Champions, BBC World Sport Star of the Year, Best International Athlete ESPY Award, ITF World Champions, æresdoktor ved Universitetet i Basel, Time 100

Federer er fødd i Basel. I 1999 vart han den yngste spelaren som har vorte rangert blant dei 100 beste spelarane i verda. I 2000 kom han til den fyrste finalen sin i ei ATP-turnering.

Federer som juniorspelar endre

Federer var fire år gamal då idolet hans Boris Becker vann si fyrste Wimbledon tittel i 1985. Etter dette “såg han tenniskampar på TV i timevis”. Når han ser tilbake på barndommen sin seier han: ”Eg likte tennis betre enn alle andre idrettar. Det var alltid spanande. Vinn og tap var noko eg likte å stille meg til.” Like etter at han hadde byrja skulen som seksåring vart han den beste spelaren i si gruppe. Han trena tre gonger i veka både i byen Basel og i områda rundt. På desse treningane vart han kjend med Marco Chiudinelli. Han var ein talentfull spelar og berre ein månad yngre enn Federer. Dei to spelte ofte squash, bordtennis og fotball saman. Sjølv om dei spelte for ulike klubbar vart dei begge medlemer i ei regionsgruppe for toppspelarar.

Gutane spelte mot kvarandre for fyrste gong då dei var åtte år gamle i turneringa The Bambino Cup i Arlesheim. ”Den gongen spelte vi berre eit langt set med ni games,” seier Chiudinelli. ”Ting gjekk ikkje så bra for meg i starten. Eg låg under 2-5 og eg byrja å gråte. Den gongen gret me mykje, sjølv i kampar. Roger forsøkte å trøyste meg når me skifta side. Han fortalde meg at alt ville ordne seg og det gjorde det. Eg hadde leiinga 7-6 og merka at kampsituasjonen hadde snudd. Då han byrja å gråte oppmuntra eg han slik at ting gjekk betre for ham. Det var den einaste gongen eg kunne vinne over ham.”

Då Federer var 10 år byrja han å ta privattimar med ein tennistrenar frå The Old Boys Tennis Club, Adolf Kacovsky. ”Eg merka med ein gong at guten hadde eit naturtalent,” seier Kacovsky. ”Han vart fødd med racketen i handa.” Han fekk først tennistimar som ein del av ei gruppe, men Kacovsky fortel vidare at, ”klubben og eg oppdaga snøgt kor talentfull han var. Me byrja å delvis sponse privattimar for ham. Roger lærte snøgt. Mens dei andre i gruppa trong fleire veker på å lære noko nytt, meistra han det etter berre tre-fire forsøk.”

Han var ein stjerneelev og ynskte å bli den beste spelaren i verda. ”Folk lo av ham, til og med eg,” minnest Kacovsky. ”Eg trudde kanskje han kunne bli den beste spelaren i Sveits eller Europa, men ikkje i heile verda. Han hadde bestemt seg for det og jobba målretta for å oppnå det.”

Då han var tolv år bestemte han seg for å berre fokusere på tennis i staden for både tennis og fotball. Når han var 14 år vart han nasjonalmeister i alle grupper i Sveits. Han vart vald ut til å trene på ”The Swiss National Tennis Center” i Ecublens. I juli 1996 vart han medlem i foreininga ITF for junior tennis. Hans siste år som junior i 1998 var eit godt år i hans juniorkarriere. Han vann juniortittelen i Wimbledon, vart anerkjend som ITF World Junior Tennis champion og vann U-18 kategorien i den prestisjefylte Orange Bowl.

Andre sigrar endre

I 2002 vann han tre ATP-turneringar og enda det året som nummer seks på verdsrankinga. I 2003 vann han sju ATP-titlar, inkludert den fyrste Grand Slam-tittelen sin. Det var i Wimbledonturneringa, der han slo Andy Roddick i semifinalen og Mark Philippoussis i finalen.

I 2004 vann Federer heile 11 ATP-titlar, inkludert tre Grand Slam-titlar. Størstedelen av sesongen (frå februar) var Federer rangert som nummer ein i verda. I 2005 tangerte Federer prestasjonen med 11 ATP-titlar, inkludert to Grand Slam-sigrar. Dette året var han rangert som verdseinar gjennom alle vekene.

Roger Federer har åtte turneringssigrar til no i 2006-sesongen, mellom andre Australian Open og Wimbledon.

Spelestil endre

 
Roger Federer

Allsidigheita til Federer vart oppsummert av Jimmy Connors: ”I ein æra av spesialistar er ein enten spesialist på grusbana, grasbana eller hard-court-bana… eller så er ein Roger Federer.”

Roger Federer er ein all-round spelar som er kjend for sin elegante spelestil og gjennomføring av slag. Federer spelar hovudsakleg frå grunnlinja, men han føler seg komfortabel som nettspelar og er ein av dei beste volleyspelarane i verda. Han har ein svært effektiv smash og utføring av element som er sjeldne å sjå på tennisbana i dag, til dømes backhand-smash, halv volley og jump-smash (slam dunk). David Foster Wallace omtalte Federer sin eksepsjonelle snøggleik, smidigheit og rå kraft i forehanden som ”ein mektig, flytande pisk” medan John McEnroe refererte til forehanden som ”det beste slaget i vår sport”. Federer spelar med ein single-handed backhand, noko som gjev ham mykje variasjon. Han gjer seg ofte bruk av slice som ei moglegheit til å lokke motstandaren fram til nettet og deretter passere han. Han kan også slå toppspinn vinnarar og har ein ”flick” backhand der han genererer fart med handleddet. Dette brukar han vanlegvis når han skal passere motstandaren på nettet. I serven vender han ryggen mot motstandaren og brukar stort sett det same ballkastet uansett serve og plassering. Dette gjer det vanskeleg å lese serven hans. Han produserer ofte dei beste servane under dei mest kritiske poenga i ein kamp. Gjennomsnittleg fart på førsteserven hans er rundt 200 km/t, men han kan serve med ein fart på 220 km/t. Federer er dyktig på serve og volley-taktikken og nytta denne ofte i sin tidlege karriere. Ein halv-volley frå grunnlinja er hans spesialitet. Dette slaget gjer det mogleg for ham å spele nær grunnlinja og ta ballane på oppspretten, noko som gjev motstandaren kortare tid å reagere. Han har nyleg introdusert ein velkamuflert ”drop-shot” til speltaktikken sin og brukar dette slaget på både forehand og backhand sida. Han kan også bruke ”mellom beina”-slag, også kjend som eit ”tweener” slag. I semifinalen mot Novak Đoković i US Open 2009 nytta han ”tweener”-slaget og fekk dermed matchpoint. I seinare tid har han også forsøkt å nytte “chip and charge” taktikken med varierande resultat.

Utstyr, antrekk og sponsorar endre

Federer speler no med ein Wilson Six One Tour BLX tennis racket, ein tungt strenga racket kjenneteikna ved eit mindre rackethovud på 90 kvadrattommar med ein tynn stråle på 17 mm. Størrelsen på grepet er 4 3/8 tommar, også omtalt som L3. Federer brukar ein blanding av Wilson Natural Gut 16 gauge som hovudstrenger og Luxilon Big Banger ALU Power Rough 16L gauge på tvers. Han strenger racketane sine med ein tyngde mellom 24 og 28 kilogram. Når Federer vart spurd om kor hardt han strenger racketane sine, opplyste han at ”dette kjem an på kor varmt det er, kva for nokre ballar eg spelar med og motspelaren min. Ein ser altså at det er fleire faktorar enn underlaget som har tyding; det viktigaste er korleis eg føler det.”

Federer er blant sportsutøvarane i verda som tener mest pengar. Han har ein kontrakt med Nike skotøy og kler. I høve Wimbledon 2006 hadde Nike designa ei jakke dekorert med ei krone laga av tre racketar som symboliserte dei tre tidlegare Wimbledon-sigrane hans. Denne jakka vart oppdatert neste år, da han hadde vunne turneringen i 2006. Nike følgde opp tradisjonen ved å lage ein personleg cardigan til ham i Wimbledon 2008 og 2009. Federer laga også sin eigen logo, som er samansett av ein R og ein F. Federer promoterer også Gillette, eit sveitsisk kaffimaskinselskap, Mercedes Benz og NetJets. Han promoterer også Rolex klokker, sjølv om han tidlegare var ein ambassadør for Maurice Lacroix. I 2009 vart han også merkeambassadør for det sveitsiske sjokoladeselskapet Lindt. I 2010 vart hans endossement med Mercedes-Benz Kina utvida til ein internasjonal avtale med selskapet.