Rognan flyplass
Rognan flyplass (ICAO: ENRG) er ein flyplass som ligg på austsida av Rognan sentrum i Saltdal kommune i Nordland fylke. Flyplassen har ein 600 meter lang rullebane med dekkje av gras. Han er open i sommarhalvåret, normalt frå månadskiftet april-mai til midten av oktober, og vert mest nytta til fallskjermhopping og privatflyging.
Rognan flyplass | |||
| |||
ICAO | ENRG | ||
---|---|---|---|
Stad | Saltdal kommune | ||
Høgd | 5 meter | ||
Koordinatar | 67°6′N 15°25′E |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rognan flyplass» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2012.