Rokkmann var i norsk tradisjon den fyrste mannen som kom inn i stova etter at rokken var teken i bruk etter jul. Han vart då «rokkmann» til kona eller jenta som sat og spann.[1] Rokkmannen fekk då ei gåve av ho som sat ved rokken. Det kunne vera flammaband, vottar eller liknande. Nokre stader kunne rokkmannen vera eit teikn på korleis spinninga kom til å gå det komande året. Ein rokkmann som var full kunne til dømes vera eit dårleg teikn.[1]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Haudemann-Andersen, J. og Jones , A., «Kjenner du disse juleordene?», nrk.no, 28/12 2016.