Romarheimsfjorden

60°42′35.942″N 5°37′43.597″E / 60.70998389°N 5.62877694°E / 60.70998389; 5.62877694

Romarheimsfjorden sett mot Osterøy.

Romarheimsfjorden er ein fjord nord for Osterøy i Alver kommune i Vestland . Den sørlege delen av fjorden er ein del av fjorden som tidlegare vart kalla Norefjorden, og som i dag er delt inn i Osterfjorden på nordvestsida av Osterøy og Indre Osterfjorden på nordaustsida. Sidan Romarheimsfjorden startar 3 km sørvest for Vassneset, som er det nordlegaste punktet på Osterøy, kan Indre Osterfjorden reknast som ein sidefjord av Romarheimsfjorden.

Fjorden er 11 km lang og skiftar så namn til Mofjorden. Inkludert Mofjorden er han 18 km lang. Romarheimsfjorden har innløp like aust for Hokøyni og etter 3 km går Indre Osterfjorden søraustover. Rett nord for innløpet til Indre Osterfjorden, på nordvestsida av Romarheimsfjorden, ligg tettstaden Romarheim, som fjorden er kalla opp etter.

Lenger nord ligg dei tre bygdene Nottveit, Mostraumsviki og Straume. Her går Mostraumen vidare til Mofjorden og inn til Mo