Opna hovudmenyen

Romelu Lukaku

belgisk fotballspelar

Romelu Menama Lukaku Bolingoli (fødd 13. mai 1993) er ein belgisk fotballspelar, fødd i Antwerpen, som sidan 2017 er aktiv for den engelske fotballklubben Manchester United FC. Han har pr 31. juli 2018 delteke i 75 kampar på Belgias landslag og vann bronsemedalje med landslaget under Fotball-VM 2018.

Romelu Lukaku
Romelu Lukaku 27 September 2017 cropped.jpg
Fødd 13. mai 1993
Antwerpen
Yrke fotballspelar
Romelu Lukaku på Commons
Lukaku under VM 2018

Lukaku spelte 2009-11 på RSC Anderlecht der han i 2010 var med å vinne den nasjonale serien. Sommaren 2011 vart han overført til engelske Chelsea FC, men fekk lite speletid i London-klubben og spelte i 2012/13-sesongen for West Bromwich. I september 2013 gjekk turen til Everton FC, ein klubb der han viste seg som ein sterk, flittig målskårar. Sommaren 2017 vart så Lukaku overført til Manchester United mot 90 millionar engelske pund.

Lukaku fekk sin landslagsdebut for Belgia knapt 17 år gammal i mars 2010. Han deltok både i Fotball-VM 2014, EM i fotball 2016 og i Fotball-VM 2018 i Russland. Under verdsmeisterskapen i Russland skåra han fire mål og gjorde sitt til at Belgia sikra seg bronsen med siger 2-0 over England. Lukaku har spelt 75 landskampar og skåra 40 mål for Belgia pr juli 2018.

MerittarEndra

  • VM-bronse: 2018 for Belgia
  • Belgisk seriemeister: 2010 med RSC Anderlcht

KjelderEndra