Romferja «Enterprise»

(Omdirigert frå Romferja Enterprise)

«Enterprise» var den første romferja som vart bygd for NASA. «Enterprise» hadde verken motor eller brukbart varmeskjold ettersom den ikkje var meint for romferder, men berre å utføre aerodynamiske glideflytestar. Eigentleg var det avgjord at romferja skulle heite «Constitution», men etter ei heil mengd post som vart send til Det kvite huset i Washington, fekk romferja namnet «Enterprise» etter stjerneskipet i science fiction-serien Star Trek.

«Enterprise» i testoppstilling ved oppskytingsrampe 39B, 20 månader før STS-1
«Enterprise» i det den koplar seg frå eit Boeing 747-fly.

Den første turen til «Enterprise» var ei umanna ferd oppå toppen av ein Boeing 747 i 1977. 16 ulike testar vart gjennomføyrd, halvparten av desse var umanna.

Amerikanske romferjer
«Atlantis» · «Challenger» · «Columbia» · «Discovery» · «Endeavour» · «Enterprise» · «Pathfinder» · «Explorer»
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.