Kometlandaren Philae
(Omdirigert frå Romsonden Philae)
Philae er ein romsonde og del av Rosettaferda. Philae landa 12. november 2014 på kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko og var det første fartøyet nokon sinne som gjennomførte ei mjuk landing på ein kometkjerne. Philae ber med seg mellom anna eit panoramakamera, røntgenspektrometer, drill for prøveboring og ulike omnar for oppvarming av prøvar.
Namnet Philae kjem frå øya i Nilen der det vart funne ein obelisk som ein brukte til å omsetja rosettasteinen.
Instrument
endre- APXS (Alpha X-ray Spectrometer) - føler alfapartiklar og røntgenstråling, noko som kan gje ei forståing av korleis kometyta er bygd opp
- ÇIVA - seks heilt like småkamera som tek panoramiske bilete av kometyta. Det har eit spektrometer som kan studera oppbygginga, teksturen og albedoen til kometyta.
- CONSERT (Comet Nucleus Sounding Experiment by Radiowave Transmission) - radiosignal sende frå Rosetta reiser gjennom kometkjernen og vert sende attende av ein sendar på Philae.
- COSAC (Cometary Sampling and Composition experiment) - kan oppdaga og namngje store organiske molekyl.
- PTOLEMY - måler høvetal på isotopar i lette stoff.
- MUPUS (Multi-Purpose Sensors for Surface and Subsurface Science) - sensorar på ankeret, målesonden og landaren sjølv som måler tettleik, varmeeigenskapar og mekaniske eigenskapar til kometyta.
- ROLIS (Rosetta Lander Imaging System) - kamera som tek høgoppløysingsbilete under landinga, og som etter landinga kan ta stereoskopiske bilete av område andre instrument tek prøvar frå.
- ROMAP (Rosetta Lander Magnetometer and Plasma Monitor) - eit magnetometer og plasmamålar som studerer det lokale magnetfeltet og samhandlinga mellom kometen og solvinden.
- SD2 (Sample and Distribution Device) - kan bora meir enn 20 cm inn i kometyta og henta prøvar til ulike omnar eller mikroskop
- SESAME (Surface Electrical Sounding and Acoustic Monitoring Experiments) - tre ulike instrument som måler eigenskapar til dei ytre laga av kometen:
- CASSE (Cometary Acoustic Sounding Surface Experiment) - måler korleis lyd fer gjennom kometyta.
- PP (Permittivity Probe) - finn ut av dei elektriske eigenskapane til kometyta.
- DMI (Dust Impact Monitor ) - måler støv som fell attende til kometyta.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Rosetta mission milestones - ESA
- Lander: Instruments - ESA