Rosfjorden er ein fjord som ligg i kommunane Lyngdal og Farsund i Agder fylke. Frå innløpet mellom Ullerøya i vest og Herreholmen i aust, i nærleiken av Hausvik, og inn til Agnefest i sjølve Lyngdal er fjorden om lag 12 km lang.

Rosfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund, Lyngdal
Kart
Rosfjorden
58°03′55″N 6°58′51″E / 58.06523°N 6.98078°E / 58.06523; 6.98078
Wikimedia Commons: Rosfjorden

Den ytre delen av fjorden inn til Børøy fungerer som kommunegrense mellom dei to kommunane, medan resten av fjorden ligg innanfor Lyngdal kommune. Grensa Ytre Skarstein ligg rett ovanfor Børøy på Farsundsida. Lenger inne i fjorden, på austsida, ligg bygda Austad og grenda Hakestad. På vestsida, rett ovanfor Hakestad, ligg grenda Svenevik.

Lyngdal hamn, som ligg ved Holmsundet er den nest største hamna i Vest-Agder etter Kristiansand. Fjorden har høgt saltinnhald og frys derfor sjeldan.