Rottweiler

Rottweiler er ein tysk hunderase kalla opp etter byen Rottweil i den tyske delstaten Baden-Württemberg. Han er ein mellomstor, kompakt molosserhund med hovudsakleg svart pels og brune teikningar.

Rottweiler

Opphavleg var hundane kjent som Rottweil Metzgerhund, Rottweil-slaktarhundar. Dei skal ha blitt brukt til å driva slaktedyr til marknaden, trekka hundekjerrer med kjøt og ha verna omreisande slaktarar og pengane deira. På 1900-talet blei dei tekne i bruk som politihundar, og dei har sidan blitt brukshundar på ei rekkje felt. Han er også utbreidd som familiehund.

KjelderEndra

  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.