Roy Magnus Løken

Roy Magnus Løken (11. april 193823. april 2006) var ein norsk lækjar, samt styreleiar i Direktedemokratane. Han var òg grunnleggjaren og administrerande overlege ved Sentrum Røntgeninstitutt.

Roy Magnus Løken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1938
Død

23. april 2006 (68 år)

Yrke lege

Løken starta oppbygginga av ei ny røntgenavdeling ved Nordland Sentralsykehus i Bodø i 1970. I 1976 vart han godkjend spesialist i medisinsk radiologi.

I 1977 starta han oppbygginga av Sentrum Røntgeninstitutt. Då det stod ferdig, tok det berre få år før det vart det største røntgeninstituttet i landet.

Løken har vore medlem av både landsstyret og sentralstyret til Den norske legeforening. Han var elles formann i Praktiserende Spesialisters Landsforening, og i 1991 starta han tidsskriftet Legekunsten, der han var redaktør i 12 år. Han var medlem av styret i Norsk radiologisk forening og starta tidsskriftet deira, Noraforum, der han også var redaktør. Han var også med på oppstarten av Røntgeninstituttenes Felles-organisasjon som han leidde i mange år.

Roy Magnus Løken fekk Kongens fortenestmedalje i 2004 for innsatsen sin.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre