Royal Geographical Society

Koordinatar: 51°30′5″N 0°10′31″W

Royal Geographical Society er det geografiske selskapet i Storbritannia. Det vart grunnlagt i 1830 under namnet Geographical Society of London for the advancement of geographical science. Den første vernaren til selskapet var kong Vilhelm IV, og det tok opp i seg fleire andre geografiske selskap, som Association for Promoting the Discovery of the Interior Parts of Africa, Raleigh Club og Palestine Association.

Selskapet sine lokale, Lowther Lodge, Kensington Gore, London
Foto: Steve Cadman

I dag er det eit verdssenter for geografi og støttar forsking, utdanning, ekspedisjonar og feltarbeid, i tillegg til å fremje offentleg engasjement og forståing av folk, stader og miljø i verda.

BakgrunnsstoffEndra