Rudolph Minkowski
amerikansk astronom
Rudolph Minkowski (fødd 28. mai 1895 som Rudolf Leo Bernhard Minkowski, død 4. januar 1976) var ein tysk-amerikansk astronom.[1]
Rudolph Minkowski | |||
Fødd | Rudolph Leo Bernhard Minkowski 28. mai 1895 Strasbourg i Det tyske keisarriket | ||
---|---|---|---|
Død | 4. januar 1976 (80 år) Berkeley i California | ||
Nasjonalitet | Tyskland | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, astrofysikar, fysikar | ||
Institusjonar | Palomar-observatoriet | ||
Alma mater | Universitetet i Wrocław | ||
Kjend for | supernovaer | ||
Utmerkingar | Brucemedaljen i 1961 | ||
Medlem | National Academy of Sciences |
Minkowski var professor ved universitetet i Hamburg 1931–1935, astronom ved Mount Wilson og Palomar-observatoriet 1935–1960. Han er særleg kjend for undersøkingane sine av supernovaer, planetariske tåker og radiokjelder og identifikasjonen deira.
Minkowski var son av legen Oskar Minkowski. Han var medoppdagar av Apollo-asteroiden 1620 Geographos, og oppdaga den planetariske tåka M2-9.
Han vann Brucemedaljen i 1961. Krateret Minkowski på månen er namnsett etter han og onkelen.
Kjelder
endre- ↑ Kuhi, Leonard V. (March 1976). «Rudoph L. Minkowski». Physics Today 29 (3): 78–80. doi:10.1063/1.3023389. Arkivert frå originalen 28. september 2013. Henta 9. juli 2016.
- «Rudolph Leo B. Minkowski», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014