Rundkyrkja i Kallósd

Rundkyrkja i Kallósd er eit nasjonalt monument i Ungarn. Kyrkja er ein viktig representant for rundkyrkjer frå Árpád-perioden. Kallósd er ein landsby som ligg i ein liten dal ved elva Zala, og har mindre enn hundre innbyggjarar. Kvart år blir landsbyen vitja av mange turistar.

Rundkyrkja i Kallósd

Historie endre

Ein gong var Kallósd kongsgarden til Zalavár. Fyrst i 1203 gav herskaren han til sonene til Orosz i Komár. Barnebarnet hans, Miklós, sonen til Karacs, bygde soknekyrkja rundt 1260. Frå 14. hundreåret høyrde denne til klosteret, Kapornak. På 1700-talet forlét innbyggjarane kyrkja på grunn av den tyrkiske invasjonen. Etter ny folkeauke i landsbyen i 1711 vart området rundt kyrkja rydda for buskar og tre og kyrkja vart renovert i 1740. Lobbyen vart utvida på 1800-talet. Den nye delen vart demontert mellom 1989 og 1993 da den siste renoveringa av den historiske bygningen vart utført. Dette gjorde at bygningen fekk tilbake den originale rundkyrkjeforma.

Bygningen endre

Pa steinbotnen av den romanske kyrkja står det vegger av murstein. Taket er dekt av kjegleforma plater. Ein lågare, semi-sirkulært apsis sluttar seg til den austlege sida av rundkyrkja. Utanfor kyrkja er det vertikale linjer, fordelt i seksjonar. Ved sida av den sørvestlege inngangen vart det skore halvbogeforma vindauge i veggen. Den gamle runde basen, kranskramen, den semi-sirkulære apsisen og kuppelen, viser at denne bygningen var laga i romansk byggestil, i midten av 1300-talet.

Rolla kyrkja har i dag endre

På 1990-talet vart det bygd ei ny kyrkje ved sida av klokketårnet som står i midten av landsbyen. Det blir derfor halde ei messe i den 750 år gamle bygningen, som star pa kyrkjegarden ovanfor landsbyen. Det blir organisert konsertar der kvar sommar, i juli og i august[1].

Kallósd-symbolet er også brukt i våpenet til landsbyen.

Høgtider endre

  • Marknad: 26. juli.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre