Rutebok for Oslo

Rutebok for Oslo er ei norsk rutebok som vart gjeven ut av AS Oslo Sporveier første gong i 1987. Ruteboka kom ut 1-2 gonger per år. Første utgåve kom i samband med at Stortinget T-banestasjon‎ vart etablert som knutepunkt for 8 ulike T-banelinjer gjennom Oslo. Etter at Ruter AS vart etablert som administrasjonsselskap for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus, fortsette Rutebok for Oslo å kome ut til og med 2014. Ruteboka hadde rutetabellar for alle kollektivtrafikklinjer med lokaltrafikk innanfor Oslo, linjekart, stoppestadsoversikt, historiekavalkade pluss generelt nyttig informasjon om kollektivtrafikken. Ruteboka var gratis. Redaktør for Rutebok for Oslo i heile denne perioden var Ole Mjelva.

Rutebok for Oslo 2014

Rutebok for Oslo og omegn (nærtrafikk)Endra

I ein periode etter krigen gav Rutebok for Norge (Norges Communicationer) ut ein liknande publikasjon: Rutebok for Oslo og omegn (nærtrafikk). Ruteboka hadde rutetabellar, linjeoversikter, kartutsnitt, oversikt over museum, badeplassar, overnatting i Oslo etc. Prisen for denne ruteboka var vinteren 1947 50 øre. Sommaren 1953 var prisen gått opp til 75 øre.

 
Brukarmanual
 
Rutebok for Oslo 1949

Rutebok for Stor-Oslo Lokaltrafikk a.sEndra

I 1985 vart det for første gong utgitt eit samla rutehefte for vest-området i Akershus. Året etter kom samla rutehefte/rutebok for Akershus nord og aust. I 1987 kom så samla rutehefte for alle Akershus-kommunar. Rutebøkene omfatta buss, tog, båt og bane.

 
Rutebok for SL