Ruth Smith Nielsen (5. april 191326. mai 1958) var ein færøysk målar kjend som Ruth Smith.

Ruth Smith

Statsborgarskap Danmark
Fødd 5. april 1913
Vágur
Død

26. mai 1958 (45 år)
Vágur

Yrke kunstmålar
Ektefelle Poul Morell Nielsen
Ruth Smith på Commons
Frå Vágur, på frimerke frå 1975

Smith var fødd i Vágur på Suðuroy.

Ho budde i København frå 1930 til 1948, og utdanna seg ved Høyers tegneskole og Malarskulen til kunstakademiet. Ho er blitt omtalt som den betydelegaste færøyske koloristen, og naut stor heider frå læraren sin Aksel Jørgensen. Ho var svært sjølvkritisk i verka sine.

I 1945 gifta Ruth Smith seg med arkitekten Poul Morell Nielsen. Dei fekk to barn, Leif i 1947 og Louis i 1952. Familien budde i København og i Lemvig ved Limfjorden. I denne perioden måla Smith hovudsakleg bymotiv frå København og landskabsbileter frå den jyske vestkysten. I en overgang i 1947-48 måla ho glas på Holmegaards Glasværk.

I 1949 flytta familien til Færøyane og slo seg ned i Vágur, der Smith måla og teikna folk og nærmiljøet i Vágur og omegn. I 1957 flytta dei inn i eit sjølvbygd hus med atelier i den vesle bygda Nes mellem Vágur og Porkeri. Heile vinteren 1957-58 arbeidde Smith hektisk med måleri. Ho heldt ei separatutstilling i Tórshavn i 1959.

Ho døydde 45 år gammal på ein einsam symjetur i Vágsfjørður ved Nes.

Det finst verk av henne i Listasavn Føroya, Ruth Smith savnið i Vágur og i Føroya Banki.

I 2007 blei det halde ei retropektiv utstilling på Listasavn Føroya og på museet for religiøs Kunst i Lemvig.

Kjelder endre


Litteratur endre

  • Dagmar Warming: Ruth Smith : Lív og verk. Tórshavn: Listasavn Føroya, 2007 – ISBN 978-99918-987-0-4 (færøysk, 294 s.)