Opna hovudmenyen

Ryde & Berg Orgelbyggeri vart skipa av orgelbyggjarane Jan Ryde og Nils Olof Berg i 1985. Verksemda held til i Fredrikstad og har per 1. september 2013 12 tilsette. Orgelbyggeriet er eit aksjeselskap leia av Jan Ryde.

Ryde & Berg Orgelbyggeri har levert orgel til rundt 90 kyrkjer og musikkinstitusjonar. Mellom kyrkjeorgla kan nemnast dei tre orgla i Oslo domkyrkje, orgelet i Tønsberg domkyrkje og Ris kyrkje i Oslo. Orgelbyggeriet fekk òg oppgåva med å byggje nytt konsertorgel til Stavanger Konserthus.

KjelderEndra