Sámi Áigi
Sámi Áigi (namnet tyder «Samisk tid») var ei samiskspråkleg (nordsamisk) avis som kom ut i Karasjok i tida 1979-1993. Sámi Áigi hadde økonomiske problem i store delar av levetida si, og gjekk til slutt konkurs i mars 1993. Avisa tok til å kome ut då den første nordsamiske rettskrivinga vart vedteken, og spelte ei svært viktig rolle for å få teke den nye rettskrivinga i bruk. Då Sámi Áigi gjekk konkurs vart det grunnlagt ei ny avis, Min Áigi ('Vår tid'), som framhald til Sámi Áigi.
Redaktørar i Sámi Áigi:
- Per Olav Porsanger (1986)
- Bjarne Store Jakobsen (1987-1989)Denne medieartikkelen som har med samar å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.