Sädvvájávrre
Sädvvájávrre (eldre skrivemåte Sädvajaure) er ein innsjø langs den øvste delen av Skellefte älv i Arjeplog kommun i Norrbottens län i Sverige.
Sädvvájávrre | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Del av | Bottenvikens vanndistrikt | ||
Sädvvájávrre 66°28′30″N 16°27′03″E / 66.475°N 16.450833333333°E |
På sørsida av Sädvvájávrre fanst det i åra mellom 1635 og 1659 eit støyperi som høyrte til Nasafjälls silververk. Store delar av furuskogen rundt innsjøen vart avvirka gjennom denne industriepoken, og er framleis ikkje i den opphavlege tilstanden sin. Det lokale kyrkjesoknet Silbojokks församling hadde eit forsamlingslokale ved støyperiet, og dei fortsette verksemda si òg etter nedlegginga av støyperiet. Silvervägen følgjer nordbreidda av Sädvvájávrre, medan nasjonalparken Pieljekaise ligg på sørsida.
Vassmagasin
endreSädvvájávrre vert nytta som vassmagasin for langtidsregulering av vasskraftsproduksjonen i den relativt utbygde Skellefte älv. Innsjøen har i fleire gonger blitt regulert, i åra 1942, 1953 og 1985. Vassivået varierer mellom 460,7 og 477 meter over havet. Volumet er 605 millionar m³.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sädvvájávrre» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Norrman, Jan (1989). «Kraftverk i Skellefteälven». Silvret från Nasafjäll: arkeologi vid Silbojokk (på svensk): 13-18. seksjon 10395360