Sèvres er ein bykommune i departementet Hauts-de-Seine i regionen Île-de-France i det nordlege Frankrike. Kommunen med i kring 23 000 ibuarar på eit landareal på einast 3,91 km², ligg om lag 10 kilometer sørvest for sentrum av Paris og er ein forstad til den franske hovudstaden.

Rådhuset i Sèvres

Staden er kjend for sitt porselen, som har vore produsert her sidan 1738. Det internasjonale byrået for mål og vekt har sitt kontor i Sèvres.

Fredsavtalen etter fyrste verdskrigen mellom Det osmanske riket og Alliansemaktene, freden i Sèvres, vart underskriven her den 10. august 1920.

KjelderEndra