Eit deponi, tidlegare kalla søppelfylling/bòsfylling, er ein open plass der avfall blir deponert. Deponering var lenge den vanlegaste måten å kvitte seg med avfall på. I dag er det eit uttalt mål at ein vil leggje minst mogleg avfall på deponi. Omgrepet brukast om alle typar meir eller mindre mellombelse lager av noko ein ønskjer å bli kvitt, slik som snødeponi og slamdeponi,. Tanken om deponi handlar meir om kartlegging og sortering av avfall. Dermed er det større høve til å redusere kostnadene og å arbeide for ei meir berekraftig verd.[1]

Deponi i Santana do Paraíso i Brasi

Europeiske deponiforbod endre

Miljøkrav frå EU krev at avfall skal sorterast og gjenvinnast [treng referanse], men ifølgje ein rapport frå Eurostat frå 2013 hamnar det meste av hushaldsavfall i EU enno på deponi. 37 % av avfallet europearane produserer blir deponert, medan 25 % blir attvunne, 15 % blir kompostert og 23 % blir brent.[2] I mange U-land er deponi framleis vanlege, då desse landa ikkje tek seg råd til moderne avfallsattvinning.[treng kjelde]

Norske deponiforbod endre

Sidan 2004 har det vore forbode å deponere til dømes matavfall i Noreg.[3]

Sidan 1. juli 2009 har det vore forbode å deponere biologisk nedbrytbart avfall i Noreg.[4][5]

Deponiforboda tyder at blant anna papir, trevirke og tekstil må finne andre handsamingsalternativ enn deponering. Føremålet med forboda er å minka utslipp av klimagassar, minka utslipp av miljøgifter og å auke produksjon av avfallsbasert energi. Det er òg eit mål at forbodet skal føre til aukamaterialattvinning.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. ENERGY RECOVERY, HANDLING OF BIOLOGICAL WASTE AND DISPOSAL [1]
  2. «Landfills continue to rule despite EU recycling target». EurActiv.com. 5. mars 2013. Henta 26. mars 2016. 
  3. «Våtorganisk avfall». Miljøstatus. 27. februar 2015. Arkivert frå originalen 19. november 2015. Henta 10. februar 2016. 
  4. «Forbud mot deponering av nedbrytbart avfall». regjeringen.no. 30. juni 2008. Henta 10. februar 2016. 
  5. «Deponering og forurenset grunn». Avfall Norge. Arkivert frå originalen 5. februar 2016. Henta 10. februar 2016.