Opna hovudmenyen

Søren Jørgensson Aandahl (1. september 180213. juli 1886) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Grytten i Romsdal.

Søren Jørgensson Aandahl
Fødd 1. september 1802
Død

1886

Yrke politikar

Aandahl var fødd på garden Åndal i Grytten. Han tok over farsgarden i 1823 og dreiv denne til 1867. Han var medlem av heradstyret i Grytten frå 1838 til 1860, ordførar i 14 år. Elles hadde han mange kommunale verv, og var med i forlikskommisjonen 1839-65.

Frå 1838 til 1865 var Aandahl valmann til alle valting i Romsdals amt. Sjølv vart han vald til stortingsrepresentant fyrste gongen i 1841, møtte på Stortinget 1842, der han var medlem av kyrkjekomiteen. På ny stortingsmann i 1851, 1854, 1857 og 1858, alle gongane medlem av tollkomiteen. I 1857 og 1858 også medlem av Lagtinget.

Aandahl døydde på garden sin i 1886.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914