Søsling, av tysk Sechsling, var ein sølvmynt med verdi seks penningar eller ein halv skilling. Det vart prega søslingar i Noreg under kong Hans omkring 1500, som ein del av den lybske myntrekninga med mark som hovudmynt. Det gjekk 24 søslingar på ein mark.

I Danmark vart det utmynta søslingar frå 1427 til midten av 1600-talet, på slutten i kopar.

Kjelde

endre