SORT-avtalen (engelsk Strategic Offensive Reductions Treaty), òg kalla Moskva-avtalen, er ein nedrustingavtale inngått mellom USA og Russland i 2002. SORT-avtalen vart erstatta av Ny START-avtale i 2011, før utløpstida si.

OHIO-klasse U-båt - missilet TRIDENT-I vert demontert

Etter SORT-avtalen skulle strategiske atomstridshovud reduserast frå ca. 6000 til mellom 1700 og 2000 for kvar av partane i perioden fram til 2012. SORT-avtalen vart oppfatta som eit tilbakesteg i forhold til START-avtalane. SORT-avtalen mangla soleis fleire kontrollmekanismer og braut òg med prinsippet om at nedrustinga skal gjerast irreversibel, dvs. at våpen som blir tekne ut skal øydeleggjast og ikkje tilbakeførast til operative arsenal.

Kjelder endre