SQL
programmeringsspråk
SQL (frå Structured Query Language) er eit databasehandteringsspråk som nyttar seg av såkalla «spørjestrengar» for å handsama informasjonen i databasar.
Døme:
SELECT * FROM TabellNamn WHERE KolonneNamn = Verdi ORDER DESC
vil søkja gjennom databasetabellen «TabellNamn» etter verdien «Verdi» i kolonnen «KolonneNamn» og lista alle funna i fallande rekkjefølgje.
Resultatet frå spørjinga vert lagra i ein mellombels tabell ein kallar resultset. Som regel har ein eit databasehandteringsprogram ein loggar seg inn på for å gjera slike operasjonar, men om ein skal manipulera dataa gjennom brukaraktivitet på nettstader, må ein gjerne bruke eit anna språk for å presentera resultata på ein høveleg måte. Eit slikt språk er til dømes PHP.