Sabeisk, òg kjend som himyarittisk, var eit semittisk språk innanfor språkgruppa gamle sørarabiske språk som vart talt av sabanarar i dagens Jemen, blant anna i oldtidsriket Saba (kjent frå Bibelen) frå rundt 900-talet f.Kr. og fram til 500-talet e.Kr. Det var nytta som eit skriftspråk av andre folk (sha‘bs) i oldtidens Jemen, det vil seia av hasjidittene, sirwahittene, humlanittene, ghaymanittene, himyarere, radmanittere og vidare.[1] Det var skrive med sørarabisk alfabet. Det er funne fleire tusen innskrifter på sabeisk.

Votivstele med sabeisk inskripsjon retta til den sabeiske hovudguden Almaqah og som nemner fem andre sørarabiske gudar, to regjerande herskarar og to guvernørar: «Ammī'amar son av Ma'dīkarib dedisert til Almaqah Ra'suhumū. Med 'Athtar, med Almaqah, med dhāt-Ḥimyam, med dhât-Bad'dân, med Waddum, med Karib'īl, med Sumhu'alī, med 'Ammīrayam og med Yadhrahmalik.» Alabastar, c. 700 f.Kr,, Jemen, truleg i områda rundt Ma'rib (?).

Sørarabisk alfabet, som var eit alfabet med 29 bokstavar, vart nytta i Eritrea, Etiopia og Jemen på byrjinga av 700-talet f.Kr. på alle tre stadane, og utvikla seg seinare til ge'ez-skrifta.

Kjelder endre

  1. Korotayev, Andrey (1995): Ancient Yemen.