Sagittarius A*
Sagittarius A* er ei kraftig og kompakt astronomisk radiokjelde ved sentrum av Mjølkevegen, nær grensa mellom stjernebilda Skytten og Skorpionen. Ho er ein del av ei større astronomisk eining kjend som Sagittarius A.[1]
Sagittarius A* verkar ifølge observasjonar til å vera forbunden med det supermassive svarte hòlet som ligg i sentrum av galaksen.