Saint-Maurice i Sveits
Saint-Maurice eller Saint-Maurice-en-Valais, er ein kommune og distriktshovudstad i Saint-Maurice i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 4 191 innbyggjarar (2010) og eit areal på 7 km². Kommunesenteret ligg 414 meter over havet.
Saint-Maurice | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Saint-Maurice | ||
Språk | fransk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
7,0 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
4 191 598,7 /km² | ||
Koordinatar | 46°13′0″N 7°0′0″E / 46.21667°N 7.00000°E | ||
Høgd over havet | 414 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1890 | ||
Nettstad: www.saint-maurice.ch |
I romartida låg utposten Agaunum her og i mellomalderen St. Maurice kloster, som har vorte ein kjend høgskule i Sveits (Collège de Saint-Maurice).
Saint-Maurice ligg ved inngangen til ein fjellovergang til den øvre delen av Rhônedalen. Byen har derfor ei strategisk plassering og det vart bygt forsvarsverk her på 1400-talet for å kontrollere passet. Saint-Maurice festning vart bygd i dei omliggande fjellsidene frå 1880 til 1995.[1]
Kommunen består av byen Saint-Maurice og grendene Epinassey og Les Cases.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Saint-Maurice, Switzerland» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Moret, J.-C. «Le secteur central de St Maurice - Le concept» (på fransk). Association Fort de Litroz. Henta 22. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (fransk)
- Evionnaz på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.