Saint Andrews Bay

Saint Andrews Bay er ei bukt på nordkysten av Sør-Georgia like sør for Mount Skittle. Ho vart truleg først oppdaga av den britiske ekspedisjonen under Cook som utforska nordkysten av Sør-Georgia i 1775. Namnet går attende til minst 1920. Stundom vert namnet skrive St. Andrews Bay.

Saint Andrews Bay
bukt
St. Andrews Bay med pingvinkolonien
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°26′S 36°11′W / 54.433°S 36.183°W / -54.433; -36.183
Kart
Saint Andrews Bay
54°26′00″S 36°11′00″W / 54.4333°S 36.1833°W / -54.4333; -36.1833
Saint Andrews Bay is located in Antarktis
Saint Andrews Bay (Antarktis)
Wikimedia Commons: St Andrews Bay, South Georgia

Kongepingvinar har danna ein stor hekkekoloni ved bukta på over 100 000 fuglar. Sidan heile hekkesyklusen tar lang tid er det alltid fuglar i kolonien.

Rossbreen som ligg i nærleiken trekkjer seg stadig attende og ei grusstrand har oppstått der breen tidlegare låg. Heaneybreen og Cookbreen ligg òg i nærleiken.

Bakgrunnsstoff

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Saint Andrews Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).