Salami
Salami eller salamipølse er ein type røykjepølse som er krydra og lett speka. Ho er gjerne kjenneteikna av raudt kjøt med kvite feittbitar i.
Salami er særleg rekna som ein italiensk mattype, men slike pølser er vanlege over store delar av Europa. Ordet salami er den italienske fleirtalsforma av salame, av vulgærlatin salamen, 'salta'.
Salami er typisk laga av grovhakka svinekjøt eller storfekjøt med kvitt spekk, salt og kvitlauk. Ein kan også bruka andre typar kjøt, som sau, geit, gås, kalkun, hest og esel. Andre vanlege ingrediensar er ulike krydder, særleg kvit pepar, urter, eddik og vin.
Salamipølse blir typisk eten etter å ha blitt skoren i tynne skiver. Ho er vanleg å bruka som pålegg eller som spekemat. Salami kan også vera ingrediens i mange ulike matretter, som i panini og på pizza.
Nokre kjende salamitypar er kryddersalamiane pepperoni (Italia/USA) og chorizo (Spania/Portugal). Ein regional salami i Italia er finocchiona frå Toscana, som er smakssett med fennikel.
Sjå òg
endreKjelder
endre«salami» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Salami» frå Wikipedia på engelsk, og «Salami» frå Wikipedia på bokmål den 11. juni 2017.