Saljut-programmet
Saljut (russisk Салют, 'fyrverkeri'), var namnet på ei rekkje sovjetiske romstasjonar som gjekk i bane rundt jorda frå byrjinga av 1970-åra. Den fyrste stasjonen vart lansert 19. april 1971 og den siste brann opp i jordatmosfæren 7. februar 1991. Av dei ni stasjonane som vart sende opp, var seks bemanna i forskjellige tidsrom. Alle bemanna flyreiser til og frå stasjonar vart utførte av Sojuz-fartøy.
Saljut 1 (DOS 1) vart skoten opp 19. april 1971.[1] Dette var den fyrste romstasjonen som kom i omløpsbane rundt jorda.
Kjelder
endre- ↑ «NASA Space Science Data Coordinated Archive» (på engelsk). NASA. Henta 20210328.