Salomon (Salo) Mikhailovitsj Flohr (21. november 190818. juli 1983), var ein tsjekkoslovakisk og seinare sovjetisk stormeister i sjakk og sjakkskribent. Han var blant dei beste sjakkspelarane i verda på 1930-talet.

Salo Flohr

Statsborgarskap Tsjekkoslovakia, Sovjetunionen
Fødd 21. november 1908
Horodenka
Død

18. juli 1983 (74 år)
Moskva

Yrke sjakkspelar, chess arbiter, sjakkteoretiker, chess organiser, skribent, journalist
Salo Flohr på Commons

Han var fødd i Horodenka i Galicia i det dåverande Austerrike-Ungarn, no i Ukraina, i ein jødisk familie. Foreldra vart drepne under den første verdskrigen, og Salo Flohr og ein bror flykta til Tsjekkoslovakia som etter avslutninga av krigen vart ein sjølvstendig stat. Han slo seg ned i Praha, der han mellom anna ved å spele sjakk om pengar på kafear utvikla seg til ein svært sterk sjakkspelar. Utover 1930-talet hadde han ei rekkje med svært gode resultat i sjakkturneringar.

Salo Flohr blei i 1937 utpeika av Verdssjakkforbundet FIDE som den neste utfordraren til verdsmeisteren i sjakk Alexander Alekhine. Men FIDE hadde på denne tida inga styring med verdsmeisterskapen i sjakk, og før ein hadde blitt samde om vilkåra for ein tvekamp om VM-tittelen, så hadde Salo Flohr blitt nr. åtte og sist i AVRO-turneringa i sjakk i 1938, og var dermed ute av biletet som førsteutfordrar.

Tyskland invaderte Tjekkoslovakia i 1938 kom Flohr som jøde i ein vanskeleg situasjon. Han fekk etter kvart hjelp, mellom anna av sin venn Mikhail Botvinnik til å kome seg til Sovjetunionen, der han slo seg ned, og fekk statsborgarskap i 1942.

Resultata til Flohr under og etter krigen kom aldri opp mot nivået på 1930-talet. Då det skulle peikast ut deltakarar til VM i sjakk 1948, tok ein utgangspunkt i dei 6 attlevande deltakarane frå AVRO-turneringa, men Flohr blei erstatta av Vassilij Smyslov, Sovjetunionen som hadde vesentleg betre resultat å vise til på 1940-talet. Salo Flohr kvalifiserte seg frå intersoneturneringa i Saltsjöbaden i 1948[1] til kandidatturneringa i Budapest i 1950, der han delte plassen 8 til 10, sisteplassen[2]. Deretter trekte han seg i stor grad tilbake frå aktivt turneringsspel, og blei sjakkjournalist fram til han døydde.

FIDE utnemnde Salo Flohr til Stormeister i sjakk i 1950, som ein av dei 27 første.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.