Saltsjön
Saltsjön er ei bukt i den indre indre hamna til Stockholm, mellom Lilla Värtan og Strömmen. På sørsida ligg Kvarnholmen, Finnboda og Danviken i Nacka og dessutan Södermalm i Stockholm. På nordsida ligg Södra Djurgården.
Gjennom Saltsjön går skipsleia inn til den indre hamna i Stockholm, og dessutan til Hammarbyleden. Vassdjupna er i dag opptil ca 30 meter etter at dei største djupa er brukt til tippeområde. Botnsedimenta er sterkt forureina.
Langs strendene finst det mange vene og imponerande bygningar, til dømes Täcka Udden og Manillaskolan på Södra Djurgården og eldreheimen Danvikshem, mølla Tre Kronor og Saltsjöqvarn i Nacka.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Saltsjön» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2012.