Samhah
Samhah eller Samha (arabisk skrift سمحة) er ei øy i Socotraøyane, mellom hovudøya Socotra og Somalia. Heile øygruppa høyrer til Jemen og er ein del av Socotra guvernement. Somalia har òg gjort krav på øya. Øya har eit areal på 40 km² og er den minste av dei tre busette øyane i gruppa, etter hovudøya Socotra og Abd al Kuri. Folketalet er på kring 100 menneske, som bur i ein landsby vest på nordkysten. Samhah og naboøya Darsah (17 km i aust) vert i lag kalla «Al Akhawain» (arabisk الأخوين) som tyder «Brørne».
Samhah | |||
øy | |||
Sett frå Den internasjonale romstasjonen
| |||
Land | Jemen | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Socotra guvernement | ||
Del av | Socotraøyane | ||
Koordinatar | 12°09′N 53°03′E / 12.150°N 53.050°E | ||
Lengd | 12 km | ||
Areal | 40 km² | ||
Folketal | 100 | ||
Samhah 12°09′N 53°03′E / 12.15°N 53.05°E | |||
Kart som viser Samhah.
|
Samhah er 12 km lang og 6,8 km brei.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Samhah» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2016.