Sandøyna

(Omdirigert frå Sandøy i Gulen)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sandøyna i Askvoll.

Sandøyna er den største øya i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg nord for Fensfjorden og har eit areal på 32 km². Øya har 230 innbyggjarar. Øya er skilt frå fastlandet ved Brandangersundet.

Sandøyna
Geografi
Stad Sogn
Koordinatar 60°53′19″N 04°59′58″E / 60.88861°N 4.99944°E / 60.88861; 4.99944

Areal 32 km²

Høgaste punkt Midtbøfjellet (245 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 230
Folketettleik 7,2 /km²

I 2010 opna brua over Brandagersundet og øya sitt ferjeleie Skipavik, i ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik, vart lagt ned.

Næringsliv endre

Forsøk med torskeoppdrett frå midten på 1980-talet. Stolt Seafarm hadde eit anlegg på klekking og oppdrett av torskeyngel ved Ånnelandsundet. I 2000 tok Vestvik Marinefarm AS over torskeoppdretteriet. I dag vert det drive torskeoppdrett, tidlegare var det østersoppdrett, i Tunsbergpollen.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2]
213 348

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.