Sandøyna
(Omdirigert frå Sandøya (Gulen))
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sandøyna i Askvoll.
Sandøyna er den største øya i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg nord for Fensfjorden og har eit areal på 32 km². Øya har 230 innbyggjarar. Øya er skilt frå fastlandet ved Brandangersundet.
Sandøyna | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sogn |
Koordinatar | 60°53′19″N 04°59′58″E / 60.88861°N 4.99944°E
|
Areal | 32 km²
|
Høgaste punkt | Midtbøfjellet (245 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | 230 |
Folketettleik | 7,2 /km² |
I 2010 opna brua over Brandagersundet og øya sitt ferjeleie Skipavik, i ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik, vart lagt ned.
Næringsliv
endreForsøk med torskeoppdrett frå midten på 1980-talet. Stolt Seafarm hadde eit anlegg på klekking og oppdrett av torskeyngel ved Ånnelandsundet. I 2000 tok Vestvik Marinefarm AS over torskeoppdretteriet. I dag vert det drive torskeoppdrett, tidlegare var det østersoppdrett, i Tunsbergpollen.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] |
---|---|
213 | 348 |
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Gulen herred, frå Digitalarkivet
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.