Sandaker Ski- og Fotballklubb

Sandaker Ski og Fotballklubb er eit idrettslag i stroket Sandaker i Oslo. Idrettslaget har som namnet seier, vore aktiv i idrettar som fotball og ski, men i 2015 er Sandaker ein rein fotballklubb.

Sandaker sitt fotballag kvalifiserte seg i 1948 til den fyrste sesongen i Hovedserien, 1948/49, der laget enda sist i avdelinga. I 1951 nådde klubben kvartifinalane i noregsmeisterskapen, der det vart tap 2-4 mot Sarpsborg FK. Med på laget var Ragnar Larsen, Sandakers einaste landslagsspelar og seinare profesjonell spelar i Italia.

A-laget til Sandaker vart lagt ned framfor 2013-sesongen.

Skihopparen Alf Andersen var ei tid medlem av Sandaker.

Kjelder endre