Sandvolleyball er ein sport som har utvikla seg frå og som liknar på innandørs volleyball. Allereie i 1920-åra kunne ein sjå folk som spelte volleyball på strendene i California og på Hawaii.[treng kjelde] Den første offisielle turneringa vart spelt på State Beach i California i 1947 og dei som vann fekk ein kasse Pepsi Cola.[treng kjelde] Me veit òg at det vart spela volleyball på sand i Europa allereie i trettiåra.[treng kjelde]

Strandvolleyball

Dei viktigaste regelskilnadane er at i sandvolleyball er det berre to spelarar på kvart lag, at spelet som namnet seier går føre seg på sand, at banen er åtte gonger åtte meter i staden for ni gonger ni meter, i tillegg til ein del meir spesifikke reglar om ballhandtering og slag. Idretten har vore ei olympisk grein sidan 1996.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sandvolleyball
  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.