Sanmarinsk geografi
San Marino er eit land i Sør-Europa, ein enklave sentralt i Italia, som landet har ei 39 km lang landegrense mot. Han er det minste sjølvstendige staten i Europa etter Vatikanstaten og Monaco. San Marino er dominert av Apenninane. Landet har eit areal på 60,5 km². Det har eit fuktig subtropisk klima til maritimt klima[1][2] med milde til kjølige vintrar og varme, solrike somrar. Med fjell i alle kantar er landet kjend for å utvinning av byggestein og berre 17 % av landet kan dyrkast. Fleire elvar renn gjennom landet og dei største av desse er Ausa, Marano og Rio San Marino.
Sanmarinsk geografi | ||
Plassering | ||
---|---|---|
Land | San Marino | |
Koordinatar | 43°46′N 12°25′E / 43.767°N 12.417°E | |
Totale landegrenser | 39 km | |
Grenseland | Italia 39 km | |
Geografi | ||
Areal - totalt: - land: - vatn: |
61,2 km² 61,2 km² 0 km² | |
Kystlinje | 0 km | |
Høgder - høgaste punkt: - lågaste punkt: |
Monte Titano (749 moh) Ausa (55 moh)
| |
Arealbruk | ||
Dyrkbar mark | 17 % | |
Permanente avlingar | 0 % | |
Permanente beitemarker | 0 % | |
Skogområde | 0 % | |
Anna | 83 % | |
Naturressursar | ||
Byggestein
|
Politisk geografi
endre- For meir om dette emnet, sjå Byar i San Marino.
San Marino er delt inn i ni castelli eller kommunar. Desse er:
- Acquaviva
- Borgo Maggiore
- Chiesanuova
- Domagnano
- Faetano
- Fiorentino
- Montegiardino
- San Marino by (Città di San Marino), hovudstaden
- Serravalle
Miljø
endreSan Marino er delaktig i miljøavtalar som omfattar biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing og kvalfangst.
Kjelder
endre- ↑ «Climate-Data.org > Europe > San Marino Climate». en.climate-data.org (på engelsk). Henta 10. september 2020.
- ↑ «San Marinos geografi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 6. august 2019.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Geography of San Marino» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2009.