Sant'Elena
Sant'Elena er ei øy i Veneziabukta i Italia. Ho ligg aust for sjølve Venezia og dannar ein del av bydelen Castello. Midt på øya ligg Sant'Elena-kyrkja og det tilhøyrande klosteret, bygd på 1100-talet og ombygd på 1400-talet.
Sant'Elena | |||
øy | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Folketal | 850 (2017) | ||
Sant'Elena 45°25′39″N 12°21′47″E / 45.42745°N 12.36293°E | |||
Wikimedia Commons: Sant'Elena (island of Venice) |
Øya har sidan den gong vorte utvida for å fylle sundet mellom øya og Venezia og er i dag forbunde til byen via tre bruer. Her ligg Rimembranze Park, ein sjømannsskule og fotballstadionet Stadio Pierluigi Penzo, i tillegg til bustadhus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sant'Elena» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2007.