Sarzana

kommune i Italia

Sarzana er ein kommune i provinsen La Spezia i Liguria i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og eit areal på 34,2 km². Byen ligg 21 meter over havet, 15 kilometer aust for provinshovudstaden La Spezia.

Utsyn over Sarzana

Skipsverftet til selskapet Intermarine er største verksemda i kommunen.

Sarzana ligg ved utløpet av elva Magra. Byen er nemnd i 963, og vart bispesete i år 1202. Sarzana låg i mellomalderen under bystatane Pisa, seinare under Firenze og frå 1572 under Genova. Frå 1814 var byen ein del av kongeriket Sardinia.

Kjelder endre