Saturnmånen Iapetus

Iapetus er den tredje største månen til Saturn, oppdaga av Giovanni Domenico Cassini i 1671. Iapetus er best kjend for dei dramatiske overflatekontrastane, men oppdagingar av romfartøyet Cassini har avslørt mange andre uvanlege fysiske trekk med månen. Som alle dei andre saturnmånane er Iapetis kalla opp etter ein av titanane i gresk mytologi, Iapetos.

Iapetus
Cassini-bilete av Iapetus
Oppdaging
Oppdaga avGiovanni Domenico Cassini
Oppdagingsdato1671
Baneskildring
3 561 300 km
Eksentrisitet0,0283
79 dagar 7 timar 55 minutt
Banehelling7,52°
Satellitt avSaturn
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
1 436 km
6 700 000 km²
Masse1,9739·1021 kg
1,27 g/cm3
0,2553 m/s2
synkron
Albedo0,04-0,5

Fysiske eigenskapar endre

Den låge tettleiken til Iapetus indikerer at månen for det mest består av is, med berre ein liten del av tyngre materiale.

I tillegg er forma til Iapetus korkje sfærisk eller ellipsoideforma, noko som er uvanleg for ein stor måne. Delar av Iapetus verkar å vera skvist flat, og den unike ekvatorialringen til Iapetus er so høg at han påverkar inntrykket av forma til månen sjølv frå avstand.

Iapetus er eit tungt kratra objekt, og romfartøyet Cassini har avslørt store nedslagsbasseng i den mørke regionen, kalla Cassini Regio. Mellom dei er minst tre over 350 kilometer breie. Det største, Turgis, har ein diameter på over 500 kilometer og ekstremt bratte kratervegger.

 
Eit skred i eit krater på Iapetus.
 
Cassini-bilete av eit 10 km høgt fjell i fjellbeltet kring ekvator
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.