Savannah er ei elv som renn langs delstatsgrensa delstatane Georgia og Sør-Carolina i det søraustlege USA. Elva er cirka 560 km lang, og dannar heile grenselinja mellom Georgia og Sør-Carolina heilt frå grensa mot Nord-Carolina i nord. Ho renn ut i Atlanterhavet ved storbyen Savannah. Nedbørsområdet er på 25 511 km².

Savannah-elva
Savannah River med Augsta Canal gjennom byen Augusta i det nordlege Georgia.
Land  USA
Kart
Savannah-elva
32°02′16″N 80°51′00″W / 32.0377132°N 80.8501103°W / 32.0377132; -80.8501103
Wikimedia Commons: Savannah River
Kart som viser nedbørsområdet til Savannah.

Dei engelske kolonistane i området busette seg stort sett langs Savannah-elva i den tidlege koloniperioden frå 1700-talet. Den engelske kulturen stod særleg sterkt i dei to elvebyane Savannah og Augusta.

Elva er farbar for større skip, og har i historisk tid vore ei svært viktig fordselsåre for Georgia, ikkje minst for eksporten av bomull frå Savannah til Europa.

Kjelder endre