Scotch egg
Scotch egg er ein engelsk rett laga av eit hardkokt egg som er blitt rulla i kjøtfarse og deretter brødsmular og deretter frityrsteikt. Det er ein utbreidd piknikrett og snøggmat i Storbritannia. Retten er er eit av dei tidlegaste døma på ferdigmat. Opphavet til namnet er uklar, ettersom retten ikkje har noko kjend samband med Skottland.
Delikatesseforretningen Fortnum & Mason i London i 1738 hevder at dei fann opp Scotch egg i 1738.[1][2] Ifølgje Culinary Delights of Yorkshire oppstod retten i Whitby i Yorkshire i England på 1800-talet, og egga var opphavleg dekte av fiskefarse. Dei skal ha namn etter serveringsstaden William J. Scott & Sons, som selde dei.[3]
Den eldste trykte oppskrifta på retten finn ein i 1809-utgåva av Maria Rundell si kokebok A New System of Domestic Cookery. Som andre 1800-talsforfattarar ville Rundell serever scotch egg varmt med sjysaus.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Single Hen Scotch Egg». Fortnum & Mason. Arkivert frå originalen 14. mai 2014. Henta 22. aAugust 2011.
- ↑ Glancey, Jonathan (5. november 2007). «A facial at Fortnums? Never!». The Guardian.
- ↑ «Are Scotch eggs really Scottish?». The Guardian. Henta 24. juli 2018.
- ↑ Oxford Companion to Food, s.v. Scotch egg
- Denne artikkelen bygger på «Scotch egg» frå Wikipedia på engelsk, og «Scotch egg» frå Wikipedia på bokmål den 16. august 2018.