Sedimentasjonskonstant

Sedimentasjonskonstant er eit mål for kor fort partiklar vil skiljast ut (sedimentere) frå ei løysing ved sentrifugering (til dømes proteinmolekyl). Sedimentasjonskonstanten er lik farten til partiklane i retning frå rotasjonsaksen, dividert med sentrifugalakselerasjonen. Ein konstant lik 10−13 sekund (= 0,1 ps) kallast 1 svedberg, kalla opp etter Theodor Svedberg.

Kjelder endre