Segmentasjon eller segmentering er ei utvikling i talemålet der eit langt fonem blir delt i to ulike fonem. Segmentasjon kan gjelda både konsonantar og vokalar. Ein lang konsonant blir vanlegvis skriven som ein dobbelkonsonant. Døme på segmentasjon ved konsonantar er kadla (av norrønt kalla), fjedl (av norrønt fjall), kåbma (av norrønt koma) og steidn (av norrønt steinn).[1]

Segmentasjon og det skylde fenomenet differensiasjon ved konsonantane er eit trekk sørvestlandsk og delvis midlandsk har sams med færøyisk og islandsk.

På begge sider av Mjøsa og i delar av Gudbrandsdalen har det utvikla seg diftongar i staden for eller i tillegg til palatalklangen ved konsonantane. Døme på dette er å breinnje (å brenna), steillj (stell) og reiddj (redd). I Gudbrandsdalen finn ein former som hesteinnj (hestane), visåynnj (visene). Dette fenomenet blir kalla palatal segmentering.[2]

Kjelder

endre

Skjekkeland 1997, Martin Skjekkeland, Dei norske dialektane - Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand S. ISBN 82-7634-103-9

Fotnotar

endre
  1. Skjekkeland 1997, s. 88.
  2. Skjekkeland 1997, s. 106f.