Selbjørn
Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune i Vestland. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy og på vestsida ligg Stolmesund der Stolmabrua går til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.
Selbjørn | |
---|---|
Selbjørn med Selbjørnsfjorden til høgre. | |
Geografi | |
Stad | Austevoll |
Koordinatar | 59°59′N 5°10′E / 59.983°N 5.167°E
|
Areal | 25 km²
|
Høgaste punkt | Kongsfjellet (185 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke Kommune |
Vestland Austevoll |
Største busetnad | Bekkjarvik (575 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 956 (2006) |
Folketettleik | 38,2 /km² |
Fram til 1964 høyrde søraustsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll
Den største tettstaden er Bekkjarvik, som er ein gamal handelsstad med gjestgiveri, og av andre grender finn ein Salthella, Rabben, Grasdal og Gauksheim.
Tidlegare namn på øya er Salbjorn i Norre-Edda og Fornmannasoger. I 1567 vart namnet skrive Søldbiønn og i 1723 Sælbiørn. Ein meiner at namnet kanskje er eit tabunamn, og at namnet tidlegare kan ha hatt eit anna dyrenamn. Fiskarar skulle til dømes ikkje nemna ordet «katt» når dei var ute på havet, og dei kunne i staden seie «klodyret» eller «Salens bjørn», sidan katten høyrde til salen eller stova. Om Selbjørn ein gong vart kalla noko med katt, så skulle ikkje namnet nemnast.[1]
Folketalsutvikling:
1801[2] | 1900[3] | 2000[4] | 2023[4] |
---|---|---|---|
304 | 590 | 9591 | 10811 |
1Med Lunnøya
Fotnotar
endre- ↑ Austevoll Gard og Ætt I, side 11
- ↑ Folketeljing 1801, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Austevoll herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 4,0 4,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå