Sentinel-satellittane
Sentinel-satellittane er ei rad framtidige romferder som blir utvikla av ESA som ein del av GMES, som skifta namn til Copernicus i desember 2012.[1] Sentinellane inkluderer radar og superspektrale bilete av land, hav og atmosfære. Sentinellane skal vere i konstellasjonar på to og to.
Sentinell-satellittane vil ha desse måla:
endre- Sentinel 1 er ein radarsatellitt i polar bane for overvaking av land, hav og vêr. Satellitten vart operativ hausten 2014
- Sentinel 2 vil i polar bane ta optiske bilete med høg oppløysning av landjorda for å gje kunnskap om vegetasjon, jordsmonn, vassdekke, vassdrag og kystområde.
- Sentinel 3 er ein multiinstrumentsatellitt i polarbane og skal overvake havtopografi, overflatetemperaturar, farge på hav og land. Den første satellitten er planlagt for 2013.
- Sentinel-4, skal vere nyttelast på ein Meteosat Third Generation Satellite , og skal overvake atmosfæren. Satellitten er planlgt for 2019;
- Sentinel-5 vil og vere nyttelast på ein annan satellitt og skal brukast til atmosfæreovervaking.