Ein septiktank er eit kammer av betong, glasfiber eller plast som kloakk frå hushaldning kan renne gjennom for å bli reinsa.[1] Eit septiktank-anlegg er ei enkel form for kloakkrenseanlegg. Det er vanlegare å installere tankar nede i jorda enn oppå jordoverflata.[2]

Installasjon av slamavskiljar, ofte kalla septiktank

Bruk endre

Ein septiktank kan ha eit eller fleire kammer. Septiktank-anlegg har gjerne slamavskiljar, og avløpsvatnet renn gjerne frå den til infiltrasjonsgrøft.

 
Spetiktank som ikkje er i bakken.
 
To brønnar, bygt med betong-ringar (eller betongringar)

Septiktankar med eit kammer blir berre nytta til lagring. Reinsing og drenering er ikkje ein funksjon i desse tankane.

Det er vanleg å ha septiktankar med to kammer. Desse har to brønnar, gjerne med diameter frå 0,7 til 2 meter, og høgd på 0,9 meter.

Slamavskiljar endre

 
Teikning av ein slamavskiljar (ofte kalla septiktank), inkludert flyteslam (merka «scum») og synkeslam (merka «sludge»).

Slamavskiljarar har same funksjon som ein septiktank, men slamavskiljar er gjerne større einingar som er oppdelt i fleire kammer.[3] Ein slamavskiljar tek imot avløp frå dusj, vask og WC.[4] Avløpsvatnet passerer frå kammer til kammer og i denne prosessen blir flyteslam og synkeslam halde tilbake i tanken.[4]

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. Tilley, Elizabeth; Ulrich, Lukas; Lüthi, Christoph; Reymond, Philippe; Zurbrügg, Chris. «Septic tanks». Compendium of Sanitation Systems and Technologies (2. utg.). Duebendorf, Switzerland: Swiss Federal Institute of Aquatic Science and Technology (Eawag). ISBN 978-3-906484-57-0. 
  2. Above Ground Septic Tank. Laundry-alternative.com. Vitja 12. januar 2020
  3. Barlindhaug, John. (20. juni 2018). «slamavskiller». Store norske leksikon. Henta 12. januar 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Slamavskiller». Arkivert versjon, [1]. hyttetorget.no. Vitja 5. januar 2020

Bakgrunnsstoff endre