Sergej Ivanovitsj Vavilov

russisk fysikar

Sergej Ivanovitsj Vavilov (24. mars 189125. januar 1951) var ein sovjetisk fysikar og bror av N. I. Vavilov.

Sergej Ivanovitsj Vavilov

Fødd12. mars 1891
Moskva
Død25. januar 1951
Moskva
NasjonalitetDet russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Områdefysikalsk optikk, optikk
Yrkefysikar, universitetslærar, offentlig person
InstitusjonarLebedev-instituttet for fysikk
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Statsuniversitetet i Moskva
Vavilov State Optical Institute JSC
Moskvas energitekniske institutt
Moskvas institutt for fysikk og teknologi
Alma materfakultet for fysikk og matematikk ved Det keiserlige universitet i Moskva
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
Russian Academy of Sciences (1917–1925)
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Slovenias akademi for vitenskap og kunst
Serbias vitenskaps- og kunstakademi

I 1920 vart han professor ved den tekniske høgskulen i Moskva. Han var direktør for den fysiske avdelinga av vitskapsakademiet i Moskva frå 1932 til han døydde. Han dreiv særleg med optiske undersøkingar. Saman med P. Tsjerenkov oppdaga han i 1934 tsjerenkovstrålinga, som i Russland oftast blir kalla Vavilov–Tsjerenkov-effekten.

Kjelder endre